top of page

Teknisk rettleiingsrapport for sauna

Denne rapporten eignar seg for dykk som:

  • er i planleggingsfasen av ei badstue og ønskjer fagleg rettleiing for å unngå feil i val av løysingar,

  • har fått teikna opp ei badstue og vil ha ein grundig gjennomgang av teikningar og konsept,

  • eller opplever problem med ei eksisterande badstue knytt til fukt, ventilasjon eller isolering, og vil vite kva som kan gjerast for å betre dagens situasjon.

Kva inneheld rapporten?

  1. Gjennomgang av eksisterande materiale
    Me analyserer eksisterande teikningar, bygde løysingar eller foto av saunaanlegget og gir ei fagleg vurdering basert på dagens krav og praksis.

  2. Teknisk analyse og forbetringsforslag
    Me kartlegg og vurderer ventilasjonsløysing, isolering, plassering av omnar og fuktproblematikk. Rapporten inneheld konkrete forslag til tiltak og betre løysingar.

  3. Skisser og tekniske prinsipp
    Der det er relevant, teiknar me inn nye eller justerte løysingar i eksisterande planteikningar. Me inkluderer detaljerte forslag som viser korleis ventilasjon, materialbruk og varmefordeling kan forbetrast.

  4. Fagleg begrunna rådgjeving
    Alle vurderingar vert gjort med utgangspunkt i Lokalkontoret sitt helisolerte byggeprinsipp for offentleg tilgjengelege saunaer, med fokus på fuktsikring, energieffektivitet og haldbarheit.
     

Korleis jobbar me?

  1. Innhenting av informasjon

    • Me samlar inn relevant dokumentasjon og informasjon om saunaen, anten via teikningar, bilete eller møte.

  2. Analyse og utarbeiding

    • Me går gjennom materialet, vurderer tekniske utfordringar og utarbeider ei skreddarsydd rettleiingsrapport med faglege råd og tiltak.

  3. Overlevering og oppfølging

    • Me leverer rapporten som PDF, og tilbyr eit oppfølgingsmøte for gjennomgang og vidare spørsmål.

Rapporten kan brukast:

  • Som underlag for dialog med byggefirma, snekkar eller elektrikar.

  • For å revidere eksisterande planar før byggestart.

  • Som grunnlag for utbetring og vedlikehald av eksisterande sauna.

Med denne rapporten får de innsikt i kva som faktisk skal til for å byggje, forbetre eller redde ei badstue som held mål – både fagleg, praktisk og i samsvar med forskrift.

Pris og bestilling

Den detaljerte rettleiingsrapporten vert utarbeidd til ein fastpris på 12,250 kr ink. mva.

Bestill rettleiingsrapport

Lokalkontoret AS
Orgnr: 931 407 899
info@lokalkontoret.no
tlf: 97 96 97 61
Ytre-Tysse 23,
5650 Tysse
Personvernvilkår
Offisiell Importør 
bottom of page