top of page

​Sidan Lokalkontoret såg dagens lys, har me hatt eit varmt auge for ideelle organisasjonar som engasjerer seg i å skapa meining og verdi for lokalsamfunna der dei er til stades. Dette fell naturleg inn under vår eiga målsetjing om å styrkja og framja nettopp desse samfunna. I denne samanheng har me laga ein eigen avtalmodell for samarbeid  med visse ideelle organisasjonar. Me er klar over dei avgrensa ressursane desse foreingane ofte rår over, grunna i hovudsak frivillig innsats.


Med bakgrunn i dette, tilbyr me for nokre foreiningar, å ta på oss nesten alle aspekt ved oppføring av ein sauna. Dette inkluderer søknadsskriving, heimeside, booking- og låsesystem, byggjesak, skaffe privatrettslege avtalar og utarbeiding av drifts- og finansieringsplan. Og her arbeider med etter ein såkalla "No-Cure-No-Pay"-modell: Ingen av våre tenester skal kosta den ideelle organisasjonen noko som helst anna enn det me, gjennom vårt tilskotsarbeid, faktisk klarer å skaffa til prosjektet. Her er det viktig at foreiningane skal ha lågast mogleg risiko!


Dette betyr at prosjekta, til dei foreingane me arbeider med, i all hovudsak blir sjølvfinansiert. Me sikrar då at foreingane ikkje treng å bekymra seg om kostnader eller å bruka frå sine eigne avgrensa ressursar. I staden kan dei lena seg tilbake og lat oss gjere dei tunge løfta. Me jobbar med saka til me har fått finansieringa på plass, ein privatrettsleg avtale er sikra, og byggjesaken er godkjend. Gjennom heile denne prosessen skal det ikkje påløpa noko som helst risiko for foreininga. Me arbeider for å sikra at saunaen blir realisert, og at foreininga får tilskot til saunaen, utan å måtta navigera i det komplekse landskapet av plan- og bygningslova eller kommunalt byråkrati. 

Frivilligheit i fokus!

Mange foreiningar kan derfor kvalifisere til å få vårast mest fullstendige pakke, utan å måtta ha eiga finansiering:
bottom of page