top of page

Detaljert rettleiingsrapport for saunaprosjekt

Er du i startfasen av eit badstoveprosjekt og treng ei grundig vurdering av moglegheiter og utfordringar? Då er denne rettleiingsrapporten noko for dykk. Denne rapporten inneheld ei djuptgåande analyse av stadsbestemde utfordringar, og gir ein grundig gjennomgang av moglegheitene ved ein tiltenkt lokasjon - og dessutan korleis ein skal tilnærma seg både grunneigar og kommunen frå eit plan- og bygningsperspektiv.
 

Kva inneheld rapporten?

1. Vurdering av lokasjon
  • Analyse av ein aktuelle lokasjon med fokus på gjeldande reguleringsplanar og krav i plan- og bygningslova.

  • Identifisering av eventuelle juridiske og tekniske utfordringar for lokasjonen.

2. Formelle krav og prosessar
  • Oversikt over kva krav som må oppfyllast for å starte eit byggeprosjekt, både på land og på vatn.

  • Informasjon om korleis ein kan sikre naudsynte privatrettslige avtalar.

3. Strategisk rådgjeving
  • Identifikasjon av relevante kontaktpersonar i kommunen.

  • Tilrådingar for korleis ein etablerer ein god dialog med kommunen for å skape framdrift i prosjektet.
     

Korleis jobbar me?

  1. Kartlegging: Me samlar inn informasjon om prosjektet ditt gjennom telefonmøte og e-postkorrespondanse.

  2. Analyse og rapport: Basert på innhenta data utarbeider me ein skreddarsydd rapport med konkrete tilrådingar.

  3. Gjennomgang: Me går gjennom rapporten saman med dykk og svarar på spørsmål.

  4. Kommunikasjonsstøtte: Me kan òg utforme eit utkast til e-post som kan sendast til kommunen.
     

Pris og bestilling

Den detaljerte rettleiingsrapporten vert utarbeidd til ein fastpris på 18 750 kr ink. mva.

Bestill rettleiingsrapport

Lokalkontoret AS
Orgnr: 931 407 899
info@lokalkontoret.no
tlf: 97 96 97 61
Ytre-Tysse 23,
5650 Tysse
Personvernvilkår
Offisiell Importør 
bottom of page