top of page

Kven?

Svein Serkan Erdogan
Svein Serkan Erdogan
Arkitekt og Kreativ leiar

Svein har master i arkitektur, og har sauna som sitt hovud-fagområde. Store delar av studietida handla om sauna – anten det var på synfaringar i Finland eller når han bygde ein storslott arkitektonisk sauna midt i Sandviken. Ein viktig fagleg inspirasjon for Svein er hans tidlegare lærar og sauna-entusiast, finske Marco Casagrande. Casagrandas arbeidande filosofi er "Urban Akupunktur" og akkurat dette med konstruksjonell akupunktur, om å stikka eit lite men svært verknadsfult bygg inn i eit lokalsamfunn, er noko som harmonisera svært godt med saunaen som konsept.

Erlend R. Klette
Erlend R. Klette
Dagleg leiar og Prosessansvarleg

Erlend har bakgrunn som prosess- og arrangementskonsulent, med utdanning frå Kaospilot i Danmark og Teatervitenskap i Bergen. Hans faglege tilnærming er prosess – kunsten å halda gode møte og arbeidsstrukturar for best framdrift. I studietida i Danmark vart Erlend frelst av den danske vinterbadeklubb-kulturen – og vart som mangeårig medlem av den legendariske Vikingklubben Jomsborg overtydd om at dette var noko som me trong meir av i  Noreg. Uformelle, intime og lågterskel møteplassar har vorte ei mangelvare - og noko som det er verd å streva etter.

Kva?

Hos Lokalkontoret er me lidenskapeleg opptekne av å styrkja og fremje lokalsamfunn gjennom eit breitt spekter av tenester. Me trur på potensialet som ligg i distrikta, og me arbeider for å støtta småsamfunn. Tilnærminga vår er tufta på samarbeid, innovasjon og eit sterkt engasjement for å skapa varige og berekraftige løysingar som bidreg til vekst og utvikling i lokalsamfunna.

Sauna

Gjennom arbeidet vårt med verksemdsutvikling, systemutvikling, vektløfting, merkevarebygging og projektleiing, mellom anna tenester, legg me stor vekt på å forstå kundane våre sine behov og bidra til å utløysa det uforløyste potensialet. Me er stolte av å kunna tilby skreddarsydde løysingar som støttar opp under visjonen vår om å skapa eit meir berekraftig og inkluderande samfunn, der lokale aktørar og småsamfunn får høve til å blomstra og vekse i møte med framtidas utfordringar.

Det å etablera små, men målretta tiltak og rom i lokalsamfunn, noko me kallar Samfunnsakupunktur®, kan ha ein betydeleg innverknad på livet til innbyggjarane og på samfunnet som heilskap. Ved å identifisera strategiske punkt og område der slike tiltak kan gjerast, ønskjer me å stimulera til positiv vekst og endring utan å negativt forstyrra det eksisterande samfunnsmønsteret. Me trur at sjølv små intervensjonar kan skapa ein dominoeffekt som frigjer eit stort potensial for utvikling og meining, og på så vis bidreg til at lokalsamfunn blomstrar og styrkjer banda til kvarandre og omverda.

Bærekraft
Lokalmiljøet

Korleis?

bottom of page