Heile vegen, frå fyrste strek til drift
Me prosjekterer frå idé til ei badstove som driftar seg sjølv. Men kvar teneste står òg på eigne bein.
Byggjesaker som ansvarleg søkjar
Konsesjonskonkurransar vunne for kundane våre
Poeng i konsesjonskonkurransen i Arendal
Fyrst og fremst arkitektar
Ingen andre norske arkitektkontor teiknar berre offentleg tilgjengelege badstover. Det gjer noko med presisjonen: kvar avgjerd i eit badstoverom har me teke mange gonger før.
Stadstilpassing
Kvar badstove er teikna for staden sin: eit verna naust i Ulvik, flytande på fjorden, på hjul der grunnen krev det. Små, reversible inngrep som ikkje privatiserer strandsona.
Bygningsfysikk
Heilisolert, hygroskopisk konstruksjon utan tradisjonell dampsperre. Rommet pustar, toler fukta og varer.
Badstufagleg presisjon
Løyly, ventilasjon, omnplassering og materialval som gjev godt badeklima og lang levetid. Vindauge nok til utsynet, aldri meir enn varmen toler.
Skisse til arbeidsteikning
Konseptstudiar, skisseprosjekt og detaljprosjektering, som eige oppdrag eller som fyrste steg i totalleveransen.
Laugarstovo i Ulvik, adaptiv gjenbruk av eit verna naust i reversibel massivtre, vann Bærekraftsprisen 2025 på Badstukonferansen.

Ta det de treng
Set punktet der prosjektet står.
Heile pakken. Eller plukk det de treng.
Prismodellen følgjer prosjektet: fastpris, timepris eller open bok.
Den lyse kanten viser kva me leverer frå der de står. Rettleiing kan koma når som helst.
Eit lite kontor, med spisskompetansen til dei store
På to felt har me kompetanse som elles berre finst hjå dei største: byggjesak for offentlege badeanlegg, og konkurransane om å få byggje og drive dei.
Byggjesak for offentlege badeanlegg
Me har køyrt 14 byggjesaker for offentlege badeanlegg som ansvarleg søkjar, fem av dei for prosjekt me korkje teikna eller bygde. Difor kjenner me regelverka som avgjer om eit prosjekt står eller fell: kulturminnelova, naturmangfaldlova, hamne- og farvasslova og reglane for statleg sikra friluftsområde.
Konsesjonar og anbod: me hjelper deg å vinne
Stadig fleire kommunar lyser ut badstovedrift som tenestekonsesjon. Skal du vinne, treng du fire ting på ein gong.
Arkitektur som skårar
Stadstilpassing er som regel det tyngste tildelingskriteriet. Tilboda våre har fått 9,4 av 10 i Lindesnes og 500 av 500 i Arendal.
Anskaffingsfagleg blikk
Me les utlysinga slik ho faktisk er innretta, og seier frå om kva som gjeld. Me er ikkje juristar, men me har ført ein full KOFA-prosess som prosessfullmektig. Klaga førte fram: tilbodet som vann skulle vore avvist.
Badstuteknisk tryggleik
Å vinne er halve arbeidet. Badstova skal òg byggjast forsvarleg, med rett løyly, rett ventilasjon og lang levetid.
Budsjett og prisar
Som totalleverandør veit me kva ting kostar. Me hjelper deg å budsjettere tilbodet, og kan levere alt om de vinn.
Små, sjølvstendige oppdrag
Ikkje alt treng ein totalleveranse. Desse tek me som frittståande oppdrag, ofte for badstover andre har teikna eller bygd.
Meldepliktige dokument
Utforming av meldepliktige dokument etter Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v.
Omdisponering av friluftsområde
Søknad om omdisponering når badstova skal stå i statleg sikra friluftsområde.
Konseptstudie
Moglegheitsstudie for stad, målgruppe og økonomi før de bind dykk.
Dispensasjon etter kulturminnelova
Søknad om dispensasjon etter kulturminnelova § 15a, for verna bygg og område.
Klar til å snakke om eit prosjekt?
Ta kontaktHeile vegen, frå fyrste strek til drift
Me prosjekterer frå idé til ei badstove som driftar seg sjølv. Men kvar teneste står òg på eigne bein.
Byggjesaker som ansvarleg søkjar
Konsesjonskonkurransar vunne for kundane våre
Poeng i konsesjonskonkurransen i Arendal
Fyrst og fremst arkitektar
Ingen andre norske arkitektkontor teiknar berre offentleg tilgjengelege badstover. Kvar avgjerd i eit badstoverom har me teke mange gonger før.
Stadstilpassing
Kvar badstove er teikna for staden sin: eit verna naust i Ulvik, flytande på fjorden, på hjul der grunnen krev det. Små, reversible inngrep som ikkje privatiserer strandsona.
Bygningsfysikk
Heilisolert, hygroskopisk konstruksjon utan tradisjonell dampsperre. Rommet pustar, toler fukta og varer.
Badstufagleg presisjon
Løyly, ventilasjon, omnplassering og materialval som gjev godt badeklima og lang levetid. Vindauge nok til utsynet, aldri meir enn varmen toler.
Skisse til arbeidsteikning
Konseptstudiar, skisseprosjekt og detaljprosjektering, som eige oppdrag eller som fyrste steg i totalleveransen.

Ta det de treng
Set punktet der prosjektet står.
Heile pakken. Eller plukk det de treng.
Prismodellen følgjer prosjektet: fastpris, timepris eller open bok.
Det som lyser er det me leverer frå der de står. Rettleiing kan koma når som helst.
«Små, presise inngrep som gjev store ringverknader.»
Samfunnsakupunktur®: fagleg kompass for alt me gjer.