Merkevare
Design
Utforme og konkretisere det estetiske heilskapsuttrykket til eit konsept
For å utvikla ein vellykka Merkevare, bør ein skreddarsy eit estetisk og konseptuelt design som trør den hårfine balansen mellom oversiktleg og kompleks, noko som vil engasjera målgruppa og skilja seg ut i marknaden.
Bruksområde
Nettsidedesign
Grafisk profil
Markedsføringsstrategi
Tekstskriving
Hos Lokalkontoret er merkevare ei kjerneteneste. Me trur at ein sterk merkevare er grunnlaget for suksess og vekst, og me er dedikerte til å hjelpa kundane våre med å realisera deira potensial gjennom ei grundig og gjennomtenkt tilnærming til design og kommunikasjon. I samsvar med kundens draumar og mål, tek me fatt på arbeidet med å forma og konkretisera det estetiske uttrykket til eit heilskapleg konsept. Me nyttar vår mangfaldige kunnskap og skaparglede for å byggje eit merkevare som både fangar målgruppa sitt hjarta og styrkjer staden til kunden i marknaden.
I tillegg til å utvikla eit estetisk konsept, tilbyr me skreddarsydde nettsider som kombinerar både tekniske og grafiske funksjonar for å skapa ei optimal brukaroppleving. Me legg vekt på å designa nettsider som er både visuelt tiltalande og funksjonelle, og som speglar identiteten til merkevara og verdiar. Gjennom ein samarbeidsorientert prosess, arbeider me tett med kundane våre for å forstå deira behov og preferansar, og utvikla ei løysing som dekkjer deira spesifikke krav.
Døme på leveransar
Meland Golfklubb hadde inngått eit samarbeid med Polestar om å tilby gratis prøvekøyring til og frå klubben, men for å etablere tilbodet var det naudsynt å redesigne, modernisere og forenkle heimesida til golfklubben. Me utvikla ei skreddarsydd og moderne heimeside som inkorporerte eksisterande bruksbehov og på same tid forenkla designet betydeleg.