top of page

Oppleving

Prosess

Skape heilskaplege og inntrykkfulle opplevingar

Oppleving

Å skapa ei uforgløymeleg Oppleving ved lansering av eit nytt prosjekt krev ein kombinasjon av eit vellykka opningsarrangement, marknadsføringskampanjar og samarbeid med lokale aktørar, som saman vil etablera ei sterk og varig merkevaretilknyting

Bruksområde

Lanseringsfest
Festarrangement
Konferanse
Bryllup

Oppleving er ei av tenestene vårast som ligg nærast hjartet, og ei teneste som er tett samankobla med korleis me byggjer Merkevare. Me er overtydde om at det er i kontakt med kundane, gjennom heilskaplege og inntrykkfulle opplevingar, at verdien og identiteten til merkevara verkeleg får skina gjennom. Med bakgrunn frå ein av Europas beste skule innan opplevingsdesign, nemleg Kaospilot i Aarhus, og med utgangspunkt ulike metodar, blant dei 5E-modellen, skapar me engasjerande og meiningsfulle opplevingar som styrkjer kundanes posisjon i marknaden.

Me legg vekt på å utvikla uforglemmelege opplevingar ved å integrera det estetiske heilskapsuttrykket til merkevara og konsept i alle aspekt av opplevinga. Og så fokuserer me ikkje berre på sjølve arrangementet, men tenkjer helhetleg rundt opplevinga – korleis me kan skapa spenning før hendinga og korleis me kan forlengja opplevinga etter at ho er over. Ved å skapa forventningar og engasjement før arrangementet, og vidareføre minna og inntrykka etterpå, skapar me ei djupare og meir varig oppleving for brukarane.

Fyll ut skjemaet
for ein utforpliktande
snakk. 

Me tek kontakt.

Me tek ein snakk!

Lokalkontoret AS
Orgnr: 931 407 899
info@lokalkontoret.no
tlf: 97 96 97 61
Ytre-Tysse 23,
5650 Tysse
Personvernvilkår
Offisiell Importør 
bottom of page