top of page

Vektløfting

Arkitektur

Søke tilskot og avklare privatrettslegavtale, samt byggjesøknad.

Vektløfting

Vektløfting i denne samanhengen inneber å ta ansvar for dei byråkratiske oppgåvene, som å sikra tilskot, samt gode avtalar og løyve frå offentlege styresmakter, noko som er avgjerande for klargjeringa for prosjektet for byggjestart og opning

Bruksområde

Tilskotsskriving
Forhandle privatrettslege avtalar
Utrede og skriva byggjesøknad
Ordne rammeløyve

Me forstår at realiseringa av eit byggjeprosjekt ofte inneber tidkrevjande og komplisert kommunikasjon med offentlege etatar. Med vår spesialiserte kompetanse og erfaringsgrunnlag, tek me ansvar for å avklara privatrettslege avtalar og byggjesøknadar på vegner av kundane våre. Målet er å frigjera kundane frå den traurige dialogen med offentlege myndigheiter, og gi dei høve til å fokusera på deira kjerneverksemd. Me er stolte av å kunna bidra til ein meir effektiv og problemfri realisering av eit byggjeprosjekt, og sikra at kundane våre får den beste mogelege støtta og rådgjevinga.

Gjennom grundig kartlegging av behovet til kunden og prosjektets spesifikasjonar, arbeider me systematisk og målretta for å navigera i komplekse regelverk og prosedyrar. Me samarbeider tett med kundane og offentlege etatar for å sikra at alle nødvendige dokument og søknadar blir utarbeidde og klargjort i tråd med gjeldsande krav. Den breie erfaringa vår og ekspertise innanfor ulike sektorar og byggjetypar gjer at me kan tilby skreddarsydde løysingar som dekkjer kundanes unike behov og krav.

Døme på leveransar

Eikelandsfjorden Idrettslag ville etablera ein sauna midt i Eikelandosen sentrum på offentleg grunn. Me på tok oss ansvaret med å forhandla fram ein privatrettsleg avtale med Bjørnafjorden kommune, og fekk spikra ein leigeavtale til 0kr i året.

Fyll ut skjemaet
for ein utforpliktande
snakk. 

Me tek kontakt.

Me tek ein snakk!

bottom of page