Verksemdsutvikling
Prosess
Optimalisere arbeidsprosessar og forretningsmodell
Når konsept er valt, har ein eit svar på kvifor og kva, men ikkje på korleis. For å fastsetja realisering, produkt- og tenesteutval, og dessutan driftsstrategi, trengst grundig verksemdsutvikling.
Bruksområde
Produktutvikling
Identifisere nye marknadssegment
Utvikle effektive organisasjonsstrukturar
Forbetre interne prosessar
Verksemdsutmekling er ei kjerneteneste for Lokalkontor, og som spring ut frå eit lidenskapeleg engasjement for muligheitene som finns i distrikta og eit djupt ønskje om å løfte opp og frem dei som brenn inne med gode idear for vekst- og verdiskaping. Med utgangspunkt i vår kompetanse og erfaringsgrunnlag ynskjer me å bistå verksemder med å realisere sitt fulle potensial. Me utarbeidar grundige analysar av kundens forretningsmodell og konkurransefortrinn ved å bruke verktøy som Business Model Canvas og SWOT-analyser, og me tilpassar vår tilnærming til kvar enkelt kunde for å finne dei optimale løysingane for vekst og utvikling.
Vår metodikk er tufta på å identifisere kundens eigne behov og utfordringar, og me arbeider saman med kunden for å sikrar best mogleg resultat. Me har brei kunnskap og erfaring frå ulike bransjar og sektorar, og er dedikerte til å levere bærekraftige og varige løysingar som gir kundane våre ei langsiktig konkurransefordel. Me trur at ved å styrke og støtte drøymar og ambisjonar i distrikta, kan me bidra til ei løfta heile regionen.
Døme på leveransar
Meland Golfklubb vil ha ei fornya tilnærming til deira sponsorprogram, som i større grad utnytta potensialet som låg i samarbeid rundt turneringar. Me utvikla ein ny sponsorstrategi for klubben og på tok oss eit avgrensa slags- og marknadsansvar og spikra ein omfattande avtale med bilprodusenten Polestar.