top of page

Sjøugla

Følg prosjektet

Prosjektleiing

Skisseprosjekt

Prosjektet består av følgjande leveransar.

Sommaren 2025 fekk me i oppdrag å utvikla ei badstove på Sukkerbiten med fasade i norsk alfuru. Løysinga byggjer på eit nøkternt formspråk med saltak, trekledning som vil gråna jamt med vêr og vind, og ein plan med fleire sitjenivå for høgare kapasitet. Garderobearealet er utvida for betre flyt i drifta, og benkesystemet er dimensjonert for jamn varmefordeling og god sirkulasjon. Materialbruk og detaljar er valde for solide og servicevennlege flater, samstundes som rommet er skjerma og roleg.

Ein viktig del av utforminga er ei hemmeleg dør til bruk for badstumeistrane. Døra er integrert i kledninga slik at ho går i eitt med fasaden, og er løyst som ei isolert sandwichdør med Soss hengslar og pakningstett karm. Løysinga gjer at ved kan fyllast på frå utsida utan at gjester nyttar opninga, noko som reduserer varmetap og effektiviserer reinhald. Til varmekjelde har me fått Narvi til å levera ein spesialversjon av Narvi 30 med forsterka komponentar for meir slitesterk drift. Kombinasjonen av lokal furu, robuste detaljar og funksjonar tilpassa dagleg bruk gjev ei gjennomarbeidd badstove tilpassa plasseringa på Sukkerbiten.

Prosessen

Avtale
inngått
Finansiering /
Vektløfting
Projektering /
Systemutvikling
Bygging /
implementering
Opna

Andre liknande prosjekt

Os Sauna

Eikelandsfjorden Sauna

Laugarstovo

Lokalkontoret AS
Orgnr: 931 407 899
info@lokalkontoret.no
tlf: 97 96 97 61
Nikolaismauet 2,
5003 Bergen.
Personvernvilkår
Offisiell Importør 

Meld deg opp til Noregs leiande nyheitsbrev knytt til badstover!

bottom of page