top of page

Er marknaden for badstover metta?

  • Forfatterens bilde: Erlend Klette
    Erlend Klette
  • 18. des. 2025
  • 3 min lesing

Me har i det siste registrert eit tydeleg avvik mellom den dalande interessa for nye badstovestiftarar og den faktiske veksten i marknaden. Tala våre syner at etablerte operatørar ikkje opplever nedgang i omsetnad, men snarare ein kraftig auke. Desse aktørane investerer no i utvidingar øve ein lav sko, fordi dei ser at kundegrunnlaget veks i takt med tilbodet. Men, blant dei nye og uetablerte at initiativa har da stoppa opp. Dette skuldast truleg ei feilaktig oppfatning om at marknaden er metta, gjerne fordi dei ser at det no allereie er komen ei lokal badstove i sitt nærmiljø.

Røyndomen er annleis. Den viktigaste indikatoren for temperaturen blant gründerar er dei digitale rettleiingsrapportane våre – éin på Norges Badstulaug sine sider og den andre på vår eiga nettside. Grafane under viser ein brutal nedgang gjennom hausten i personar og prosjekt som forsøker å setja seg inn i prosessen knyttet til etablering av ei offentleg tilgjengeleg badstove.



Her ser ein tydeleg trend, og november blei dårligaste måneden so langt. Me ser same utvikling på vår heimeside – som jo òg er ein god indikator på interessa, i og med at me er Noregs einaste arkitektkontor som utelukkande arbeider med offentleg tilgjengeleg badstover. 



Sjølv om me ser ein tydeleg nedgang i forespørslar frå nye aspirerande badstovestiftarar, og heimesidetrafikk, ser me ein stor oppsving i bestillingar og prosjekt frå etablerte badstoveoperatørar – og me gjer no prosjekt og samarbeid med aktørar i alle Noregs fem største byar.


Denne frykta byggjer etter vår oppfatning på ei misforståing av korleis badstovemarknaden fungerer. I økonomifaget snakkar ein om latent etterspurnad, som er eit omgrep for behov folk ikkje er klare over at dei har før tilbodet faktisk står der. Mange aspirerande badstove stiftarar gjern kanskje den feilen at dei ser på heimstaden sin og tenkjer at sidan ingen har etterlyst badstove, er det heller ingen som vil ha det – eller dei blir motlaus av at det allereie finst ei badstove. Men, ei badstove skil seg frå vanleg tenester og varer, der t.d ein husstand berre konsumerer ei viss mengde uansett tilbod. Badstova fungerer snarare som utbygging av vegnettet: når vegen kjem, kjem trafikken. Dette skyldes gjerne at da finst eit konstant og udekka behov i Noreg for varme, lys og lågterskel møteplassar utan telefon og alkohol. Dette behovet er delvis usynleg heilt til nokon tilbyr løysinga, og difor ser me at etterspurnaden for badstover berre vert større jo fleire tilbod som vert etablerte. Difor ser ein seg gjerne, frå økonomisk perspektiv, meir tent med å etablera seg i ein småby som allereie har ein badstuekultur, enn å vere den første som må byggja marknaden åleine.



Om ein ser på antall nyheitssaker og antall søk på badstover er det ein heilt tydeleg trend. Og spesielt talet på nyheitssaka kan potensielt vere ein av årsakene til at ein ser den dalande trend på dei aspirerande badstovestifterena. For om det heile tida er nye saker om nye badstoveetableringar(og nye etableringa vart jo gjerne påbegynt for 1 år sidan), så får ein gjerne eit inntrykk av at “no er det altfor mange badstover” og “no er det neste ei boble me ser her”. For å få eit betre bilete av dette tok me kontakt med dei av våre kunder som hadde drift i både 2024 og 2025 for å høyre kva omsetningsmessig vekst dei ser.



Og av utor dei me fekk tal frå ser me eit ellevilt bilde. I dialog med andre aktørar høyrer me det same. Det er ingen som ikkje ser to-sifra prosentvekt i marknaden no.

Veksttala avslører samstundes ein tydeleg kvalitetsprofil. Dei anlegga som opplever størst vekst er konsekvent dei som har lagt mest ressursar på stadstilpassing, arkitektur og kvalitet. Og det kan henge saman med at publikum vert stadig meir kresne og søkjer mot gjennomtenkte løysingar som gjev ei heilskapleg oppleving, snarare enn enkle, prefabrikkerte løysingar. For nokre år sidan kunne ein neste sette opp kva som helst. No ser me at gjestene har blitt noko meir kresne. Tala frå våre kunder viser at 'Tønne-bonanzaen' er over, men at 'Arkitektur-bølgja' er i full sving.


Dei som kjenner Lokalkontoret veit at me arbeider for at den norske badstovebølgja jo nettopp skal resultera i flest mogleg vakre og haldbare badstover som er tilgjengelege for folk flest. For å oppnå dette målet er ein avhengige av ein dynamisk marknad med eit mangfald av aktørar. Det tener svært få om marknaden vert dominert av store franchisekonsept eller kjeder som åleine kan diktera prisnivået og strømlinjeforma opplevinga. Me treng flest mogleg sjølvstendige operatørar som satsar lokalt, leverer kvalitet og sikrar at verdiskapinga blir verande i lokalsamfunnet. At det allereie finst aktivitet i ditt område er ikkje eit raudt lys, men eit signal om at tida er inne for å satsa på kvalitet.

 
 
Lokalkontoret AS
Orgnr: 931 407 899
info@lokalkontoret.no
tlf: 97 96 97 61
Nikolaismauet 2,
5003 Bergen.
Personvernvilkår
Offisiell Importør 

Meld deg opp til Noregs leiande nyheitsbrev knytt til badstover!

bottom of page