– Bak kvar badstove frå Lokalkontoret står eit lag av lokale fagfolk

Då me bygde den aller første badstova vår, Bjørkheim Sauna, saman med Teige Nes Bygg AS, visste me at me hadde funne noko spesielt. Sidan den gong har me ikkje sett oss tilbake. For å byggja badstover som held på varmen og varer i generasjonar, er det for oss heilt avgjerande å samarbeida tett med lokale handverkarar og nytta lokalt produsert materiale. Slik sikrar me kortreist kvalitet, korte leveringstider, mindre miljøavtrykk og ei tydeleg forankring i regionen me er så glade i.
Teige Nes Bygg AS – hovudentreprenør med teft for kreativ tilpassing
I front står tømrar- og entrepenørfirmaet Teige Nes Bygg AS ved Petter Teige, basert i Samnanger. Dei er ikkje berre dyktige på det praktiske, men òg utruleg løysingsorienterte: når me kjem med nye og spennande utfordringar, finn dei alltid metodar som gjer at me kan gjennomføra visjonane våre. Teige Nes Bygg AS strekkjer seg alltid litt lenger, noko som gjer at badstovene vert tilpassa alt frå vernande værforhold til spesielle estetiske ynskjer.
Øystein Boge AS (Bogelist) – lokalt bearbeidd tre og kortreist kvalitet
Hjå Bogelist får me alt frå panel til listverk, foredla lokalt i Holmefjord. Familiebedrifta har røter heilt tilbake til 1940-talet, då verksemda starta som tønnebedrift. I dag kombinerer dei moderne maskinpark med tradisjon og fagkunnskap, slik at me kan få spesiallaga materiale i rette profiler, fargar og nyansar. Det at treverket er bearbeidd i nærmiljøet, av ein av regionens mest kompetanserike byggevarebedrift, gjev oss meir kontroll over kvaliteten – og me unngår fordyrande mellomledd.
Fleire lokale bidragsytarar
Vervik & Yndestad AS tek seg av alt som har med omnar, røyr og teknisk installasjon å gjera. Då veit me at omnen er grundig og nøyaktig montert, og at badstova er forskriftsmessig. For støyping og installasjon av antiskli-golv, nyttar me Malerfirma Kenneth Samnøen AS, som hjelper oss å gjera badstova svært robust og driftsikker. Flytebryggjepartiet ordnar me via Marinegruppen AS i Onarheim – som lagar utruleg gode produkt.
Byggjeprinsippet vårt
Eit kjenneteikn ved badstovene frå Lokalkontoret er den heilisolerte konstruksjonen, med hygroskopiske materialer gjennom heile veggsjiktet, som aktivt tek opp og frigjev fukt. Dette gjer at kundane våre sparar energi og reduserer faren for muggdanning, samstundes som brukskomforten held seg jamt høg. Å halda varmen innandørs (og fukta ute) er heilt avgjerande for at me kan tilby badstover som toler hyppig bruk og eit røft norsk klima.
Kvifor alt dette lokale?
Me meiner at tett samarbeid med ekspertisen i lokalsamfunnet gjev det beste sluttproduktet. Når me kan driva gjensidig kompetanseutveksling – for eksempel mellom tømrarane i Teige Nes Bygg og treforedlingsspesialistane i Bogelist – får me ikkje berre fortgang i prosjekta, men òg eit forfriskande mangfald av idear og løysingar. I tillegg vel me kortreiste material- og serviceleveransar for å ta vare på både miljøet og økonomien i nærregionen.