top of page

Sprengkrafta i styrkebasert lokalsamfunnsutvikling

  • Forfatterens bilde: Erlend Klette
    Erlend Klette
  • 20. aug.
  • 4 min lesing

Kunsten å gje lokale initiativ struktur og gjennomslag.

Kva skjer når den organiserte og uorganiserte frivilligheita finn saman?
Kva skjer når den organiserte og uorganiserte frivilligheita finn saman?

Etter ei veke i Arendal, fylt til randa med debattar om by og bygd, sit me att med ei kjensle av både optimisme og utolmod. Optimisme fordi samtalane om lokalsamfunnsutvikling er i ferd med å endre karakter. Frå Frivillighetsteltet, der me diskuterte badstua som samfunnsakupunktur, til dei store scenene, er det ein veksande semje om kva me vil ha: levande, berekraftige og inkluderande nabolag. Denne semja vart formalisert då regjeringa før sommaren lanserte si nye nasjonale arkitekturstrategi, den første på seksten år. Dokumentet er eit tydeleg signal om at kvalitet i kvardagsomgjevnadane, medverknad og sosial berekraft no er løfta opp på nasjonalt nivå.


Men med optimismen kjem òg utolmodet. For mellom dei høge visjonane i ein strategi og den lokale røyndomen finst det ofte eit gap. Eit gap fylt av trege planprosessar, kommunale budsjett som ikkje strekk til, og eldsjeler som brenn ut i møte med byråkratiet. Spørsmålet som gjenstår etter Arendalsuka er difor ikkje lenger berre kva me skal gjere, men korleis me i praksis skal få det til. Korleis omset ein ein nasjonal strategi til konkret, lokal handling?


Svaret, meiner me, ligg i eit skifte i tankesett.


Arkitekturstrategien set scenen, men kven skal spele hovudrolla?

Den nye arkitekturstrategien, «Rom for kvalitet», er eit viktig og naudsynt dokument. Den anerkjenner at arkitektur er ramma rundt liva våre og at forminga av omgjevnadane er eit verktøy for å løyse store samfunnsutfordringar. Strategien etterlyser prosessar som fremjar «eierskap, tilhørighet og langsiktig brukervennlighet» gjennom medverknad. Dette er musikk i øyra på alle som er opptekne av lokaldemokrati og grasrotengasjement.


Likevel er det ein fare for at slike strategiar blir verande i festtalane. Dokumentet peikar på kommunane si rolle som tilretteleggjar, men i siste instans er det det lokale samspelet mellom offentlege, private og frivillige krefter som må levere resultata. Strategien skaper ei nasjonal «bestilling» på lokalt initiativ, men gir få svar på korleis ein skal overkome den høge «aktiveringsenergien» som krevst for å starte noko nytt. For korleis skal eit lokalsamfunn gripe sjansen når dei som har dei gode ideane ofte manglar tid, formell kompetanse og økonomiske musklar? Svaret ligg ikkje i å vente på at nokon andre skal løyse floken, men i å sjå på lokalsamfunnet med nye auge.


Å finne gullet som allereie finst

Her kjem eit fagleg rammeverk inn som er like enkelt som det er kraftfullt: styrkebasert lokalsamfunnsutvikling, frå Asset-Based Community Development (ABCD). Dette er eit rammeverk som har lege i nedre del av synsfeltet vårt ei stund, og som på ny trefte oss med full kraft under Arendalsuka – spesielt då me høyrde på framlegget til Rita Agdal frå Høgskulen på Vestlandet på tysdagen. I staden for å starte med ei kartlegging av problem og manglar, startar denne tilnærminga med å stille eit heilt anna spørsmål: Kva for ressursar og styrkar har me allereie? Dette er eit rammeverk med sprengkraft, og som me kjenner harmonerer svært godt med måten me sjølv opplever å arbeide med småsamfunn.


Me opplev ofte i våre prosjekt at ein i norske lokalsamfunn typisk finn to enorme, men ofte fråkopla, ressursbasseng. På den eine sida har ein den organiserte frivilligheita, gjerne representert ved eit hundre år gamalt idrettslag. Deira «assets» eller styrkar at dei har ein formell struktur, eit stort nettverk, legitimitet hjå kommunen - samt tilgang på støtteordningar og ein imponerande dugnadskapasitet. På den andre sida har ein den uorganiserte lidenskapen. Dette er eldsjelene, entusiastgruppene, som til dømes dei mange vinterbadarane me treff som drøymer om ei lokal badstove. Deira styrke er ein brennande energi, spisskompetanse og ein krystallklar visjon. Det dei manglar, er nettopp den strukturen, etosen og formelle kapitalen som idrettslaget sit på.


Difor oppleve me at den verkelege sprengkrafta i lokalsamfunnsutvikling oppstår i det augeblikket desse to kreftene blir kopla saman. Utfordringa er at dei sjeldan finn kvarandre på eiga hand.


Katalysatoren som gjer forandring uimotståeleg

Vår visjon er å prøve vere ein katalysator i dette spenningsfeltet der gode og raske tiltak(Samfunnsakupunktur®) kan vekse fram når dei rette aktørane kjem saman(Private-offentlege-frivillige). Målet er å senke terskelen for samarbeid. Me ser ofte at eit idrettslag sit på store ressursar, men er endringsresistent fordi risikoen og arbeidsmengda ved nye prosjekt utanfor kjerneaktiviteten verkar for stor.


Vår samarbeidsmodell går ut på å fjerne denne risikoen. Gjennom det me kallar «Foreiningsmodellen» tek me på oss ansvaret for det administrative løftet: søknadsskriving, prosjektering, budsjettering og dialog med kommunen, utan kostnad for laget. Samtidig som me hjelper de lidenskaplege eldsjelene – altså dei uorganiserte – med å strukturere og kanalisere engasjemente, til dømes som ei ny undergruppe i idrettslaget.


Dette skaper ofte ein spennande symbiose. Idrettslaget får ein ny, vitaliserande og sjølvfinansierande aktivitet som attpåtil kan generere inntekter til deira øvrege arbeidet for born og unge. Medan badstoveentusiastene får realisert draumen sin gjennom ein etablert og respektert organisasjon. Dette er ikkje noko hokuspokus, men ei praktisk tilrettelegging som gjer det logisk og opplagt for partane å finne saman. Denne samankoplinga er for oss den viktigste delen av det målretta «samfunnsakupunkturstikk» som utløyser den latente energien i lokalsamfunnet.


Ein ny standard for lokal verdiskaping

Når ein ser denne prosessen i samanheng, blir den raude tråden tydeleg. Den nasjonale arkitekturstrategien gir oss eit felles «kvifor». Den styrkebaserte filosofien (ABCD) kan gje oss eit fagleg «kva» me skal sjå etter. Og ein katalytisk modell, som den me nyttar, tilbyr eit konkret «korleis».


Dette handlar om langt meir enn badstover, og dynamikken der ny, uorganisert lidenskap blir absorbert av den etablerte frivilligheita er ikkje i seg sjølv ny. Slike prosessar skjer organisk over heile landet, men dei kan ta tid. Tenk berre på e-sport, ein aktivitet som brukte fleire tiår på reisa frå ungdomsrommet til å i dag vere eit aktivitetstilbod for mange idrettslag. Det me håpar å tilby med denne metoden, er ein måte å systematisere og akselerere denne naturlege prosessen på. Det er ein overførbar framgangsmåte for å realisere alt frå klatreparkar til fleirbrukshus raskare og meir effektivt. Tida etter Arendalsuka bør brukast til å gå frå visjon til handling. Spørsmålet kvart lokalsamfunn, kvar kommune og kvar eldsjel bør stille seg er ikkje lenger berre «kva manglar me?», men heller:


Kva for ubenytta ressursar og uforløyste lidenskapar har me, og kven kan hjelpe oss med å kople dei saman?


 
 
Lokalkontoret AS
Orgnr: 931 407 899
info@lokalkontoret.no
tlf: 97 96 97 61
Nikolaismauet 2,
5003 Bergen.
Personvernvilkår
Offisiell Importør 

Meld deg opp til Noregs leiande nyheitsbrev knytt til badstover!

bottom of page