Prosjektet består av følgjande leveransar.
Skagerrak Sauna i Kristiansand gjestehamn er eit prosjekt der me utforma heile konkurransegrunnlaget til anbodskonkurransen på vegner av kunden Blaud, som vann oppdraget. Sjølve bygget er teikna av Sydvest Arkitekter, men me hadde ansvar for alt det tekniske og dokumentasjonsmessige grunnlaget. Arbeidet omfatta mellom anna utforming av materialval, miljøvurderingar og klimarekneskap, i tillegg til at me la premissane for korleis løysinga kunne oppfylle krava til universell utforming, transport og montering.
Badstova er planlagd som ein prefabrikkert modul som kan heisast på plass og flyttast ved behov. Ho er bygd i massive limtreblokker med reversibelt fundament i prefabrikkerte betongelement, tekka med aluminiumsprofilar og med dør- og vindaugssystem i resirkulert aluminium. Innvendig er løysinga tilpassa våtsoner med robuste golvmaterial, og oppvarminga skjer med elektrisk omn. I tillegg er det planlagt løysingar for kaldkulp, dusj og badetrapp, slik at anlegget skal fungere som ein heilskapleg badeplass. Gjennom arbeidet med dokumentasjonsgrunnlaget fekk me samordna alt frå konstruksjon og drift til klimarekneskap, slik at prosjektet står godt rusta til både anbodskrav og framtidig bruk.
Prosessen
Avtale
inngått
Finansiering /
Vektløfting
Projektering /
Systemutvikling
Bygging /
implementering
Opna
Andre liknande prosjekt





