Prosjektet består av følgjande leveransar.
Med Os Sauna ville me føra vidare og forbetra konseptet frå Bjørkheim Sauna, men tilpassa ein ny kontekst og lokale behov. Gjennom tett dialog med Os Turnforening identifiserte me eit ønske om ein lett tilgjengeleg sauna som kunne fremja både fysisk og mental helse.
Me designet ein unik flytande sauna optimalisert for Osøyro, med fokus på varigheit, energieffektivitet og estetikk. Konstruksjonen bruker robuste materiale som toler det tøffe maritime klimaet, men med eit elegant uttrykk inspirert av den lokale byggjeskikken.
Booking og tilgang er sjølvbetjent gjennom det eigenutvikla systemet vårt, noko som gjer det enkelt for alle å bruka saunaen. Ambisjonen vår er at Os Sauna skal bli ein naturleg del av lokalmiljøet, eit samlingspunkt på tvers av generasjonar som fremjar aktivitet, fellesskap og livskvalitet.
Prosjektet demonstrerer korleis me kombinerer erfaringa vår med innsikt om behovet til brukarane og lokale forhold. Resultatet er ein sauna skreddarsydd for Os, som gir noko tilbake til lokalsamfunnet og styrkjer kjensla av tilhøyrsel.
Prosessen
Avtale
inngått
Finansiering /
Vektløfting
Projektering /
Systemutvikling
Bygging /
implementering
Opna
Andre liknande prosjekt