Prosjektet består av følgjande leveransar.
Rosendal Badstove er eit prosjekt me arbeider med saman med Rosendal Turnlag og Rosendal Bygdelag for å etablere eit lågterskel badstovetilbod i Malmangervikjo i Kvinnherad. Lokasjonen ligg i eit statleg sikra friluftsområde, ein kategori som tradisjonelt set strenge rammer for tiltak. Me har difor utforma søknaden som ei mellombels omdisponering av driftsmodell, slik at badstova styrkjer friluftsformålet i staden for å konkurrere med det. Drifta er ramma inn med mellom anna ulåst garderobe utan booking og faste gratisperiodar i kvardagsmorgonen, så tilbodet er reelt tilgjengeleg for alle som nyttar vika.
Samarbeidsmodellen er sentral. Turnlaget står som formell tiltakshavar, og Bygdelaget er likeverdig kontraktert partner. Det gjer at to lokale organisasjonar med eigne ressursar og nettverk dreg lasset saman, i staden for å trø kvarandre på tærne. Strukturen har sidan blitt mal for korleis me arbeider med fleire andre prosjekt der to eller fleire lokale lag står saman.
Prosjektet er finansiert gjennom foreiningsmodellen, og har mellom anna fått 170 000 kr i forprosjektstønad frå Sparebanken Norge. Saka går no gjennom Kvinnherad kommune og Vestland fylkeskommune, og opning er planlagt så snart godkjenninga er på plass.
Prosessen
Avtale
inngått
Finansiering /
Vektløfting
Projektering /
Systemutvikling
Bygging /
implementering
Opna
Andre liknande prosjekt










