Prosjektet består av følgjande leveransar.
Storebø Sauna ligg ved Storebø Brygge på Austevoll, framfor fleire nybygde blokker i eit område med stor byggjeaktivitet dei siste åra. Saunaen er landbasert, vedfyrt og dimensjonert for 12 personar, og opna i januar 2025.
Bygget har to ytterdører, ein for ankomst frå landsida og ein direkte ut mot sjøen. Det gjev ei praktisk løysing for skifte mellom badstove og bad, og samtidig ei skjerming for badande mot blokkene som ser ned på anlegget. Saunaen får slik ei roleg sone som er skjerma frå den urbane konteksten rundt.
Prosjekteringa skjedde i tett samarbeid med tiltakshavar (Austevoll Idrettsklubb) og grunneigar, som tenkte heilskapleg om områdeutvikling og komande byggjetrinn. Resultatet er ein sauna som tener både idrettslaget sitt behov for eit lågterskel kvardagstilbod og grunneigar si interesse i å gje området ein varig sosial verdi i takt med utviklinga.
Prosessen
Avtale
inngått
Finansiering /
Vektløfting
Projektering /
Systemutvikling
Bygging /
implementering
Opna
Andre liknande prosjekt










